Sild i stim

Når vi fekk i oppgåve å finne ein kunstnar eller ein skulptur som inspirerar oss var det fyrste eg tenke på alle dei skupturane som ein finn i nærområdet mitt i Florø. Eg har fleire gonger tenkt over kor mykje fine og fasinerande skulpturar ein kan finne her. Det som går igjen i mange av dei er den maritime tanken. Og dette er nok naturleg når ein tenker over historia til byen. Det er blant anna historia til byen som gjorde at det var skulpturen «Sild i stim» som vart min naturlege inspirasjon. Det er ein nydeleg skulptur av kunstnaren Hjalmar Lothe frå 2013.

20150428_10420420150428_104143 20150428_104155

Denne skulpturen får meg til å tenke på sjølve grunnlaget for at Florø vart ein by, samstundes som den for meg representerer livet til sjømenna og familiane deira. Livet var hardt, men håpefullt når silda skapte arbeid og grunnlag i florø. Sjømenna var ute i lange periodar og heime satt kone og barn og venta. Det maritime elementet er noko som sitt djupt i meg, og som er ein viktig del for meg. Og denne skulpturen gir meg gode, stolte og nesten patriotiske kjensler. Det ligg for meg mange forteljingar i denne skupturen. Og det er nokon av dei forteljingane eg gjennom mine utprøvingar har lyst å fortelje.

Advertisements

Comments on: "Sild i stim" (1)

  1. Denne statuen er så fin. Den er ein av mine favorittar og.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Merkelappsky

%d bloggarar likar dette: